com-k2.ru
Pretty Girls At After Party Kissing Baiser Beijo Kussauf Deutsch Bacio Kyss Meg Polib Me 1806
➡ ♥♥♥ Link: To jenter kliner
➡ ♥♥♥ Link: https://dating18plus.ru/Angela1996
At meget af disse nu beskrevne huslige forbedringer er kommet til netop i de senere tider, i denne nuværende menneskealder, det vil man kunde skjønne deraf, at det ikke er så ret længe siden, at man i adskillige bygder endnu hjalp sig med stengulve. Nu ilede den forfærdelige mand tilbage til striden, vis på seier, og strax trak skyerne op fra nord, så det blev «døkt og dimt» og et uveir brød løs, med stenbyger og hagel-ilinger, med tordenskral og lyn, så usædvanligt rædsomt, at mere end en omsider forstod, hvordan det var fat, og det endte med, at den fiendtlige anfører råbte overlydt til sine mænd, at de kunde fly uden skam, såsom de nok havde lovet at kjæmpe mod mennesker, men ikke mod trolde. Ta et godt tak i håret hennes og kyss henne varsomt.
Halv uvilkårlig tok jeg frem en hel og blank sølvdaler, som heldigvis lå i lommen, og rakte den til husmoderen med det ord, at som andre koner hist og her på landbrugsmøder fik sig blanke sølvskeer i præmie for en vakker melkeko eller et gult smørstykke, så vilde jeg nu bede hende tage imod denne sølvpenge til tegn på, at hendes huslige flid havde glædet et menneske. Nu stå mig for øie et exempel fra en østlandsk egn. De kvinden hjem kjørte med klirrende nøgler End hed døttre i gjedeskindskjortel med andre navne: og gifted med Karl; Net, Mø, Strunk, hun søn-kone heder, Stolt og Væver, svøbtes i brud'lin, Brud, Prud og Viv, parret sysled Bly og Djerv; og sammen eied, fra dem ere komne bredte linet Karles ætter.
EILERT SUNDT - Blikket er veldig fint å bruke om det oppstår en stillhet og du allerede har fått minst tre tegn på interesse fra henne. Men som al denne underlige forsiktighed og omhu efter nutidens folketro bliver overflødig og altså falder bort, såsnart dåben er forrettet, så må vi da også forestille os, at der i hedenold indtrådte en lignende vending formedelst vandøsningens høtidelighed.
Semesteret i Nicaragua er over, og det med ei fyrsteklasses avslutning. God mat og drykk, reggaekonsert og timesvis med dansing sette ein solid prikk over dei tre innhaldsrike månadane i León. På mange måtar er det godt å vere ferdig med undervisning og ha komt seg heilskinna gjennom eksamenar. Men det er sårt å forlate byen, stranda og folka vi har vorte kjende med og glade i. Med blanda kjensler retta eg, saman med Sigrid og fire andre venninner, i går nasen mot Little Corn Island. Ei øy fylt med palmer, omringa av lys sand og klart hav så langt auget kan sjå. Internett må ein leite etter og bilar finst ikkje. Her skal vi ladde batteria ei veke framover, før vi skal reise vidare og gyve laust på heimeeksamen i latinamerikastudier. Eksamen nærma seg med stormskritt, og difor so gidd eg ikkje skrive noko meir om den. Som alltid er det kjekkare å reise på eventyr og nyte livet i vakre Sentralamerika enn å pugge verb, så då gjer eg det! Eit av våre nylege eventyr gjekk til Matagalpa, ein by i fjella nord i Nicaragua. Den har stått på topplista for reisemål sidan me kom. For trass i at strand, palmar og sol er balsam for sjela, snik sogningen seg fram og skrik etter fjella med jamne mellomrom. Kor deilig det var å gå i motbakke att. Hyggelig gammel dame Matagalpa er ein livleg og avslappa by. Det er kjølegare der enn i Leòn, og det var nesten so me ynskja gåsehuda velkommen når den friske lufta sneik seg inn på oss om kvelden. Byen er eit senter for feminisme, og ein kan til ein forandring sjå undertøy på utstilling i butikkane. Fint handtverk, koselege kulturkafèar og museum både for kaffi og sjokolade er noko av det ein kan få med seg om ein er litt meir velorganiserte enn oss som kom utanom åpningstida på kvart einaste museum, vel og merke. Eit heilt definitivt høgdepunkt var ein organisert tur med selskapet Matagalpa tours, som tok oss gjennom eit fantastisk frodig landskap med må kaffifarmar og andre fruktplantasjar. Dei små gardane ligg spreidd utover dei grøne åsane, bundne saman med eit interekat sti-system. Her må familiane gjerne gå ein halvtime-tjue minuttar over elver og gjennom bananskog for å kome til bilvegen, men ein har i det minste ein usedvanleg vakker utsikt på skulevegen. I grunn skulle me gjerne anlagt 20 minuttar obligatorisk skuleveg gjennom skogen i Noreg òg, kanskje hadde me blitt like spreke som borna som sprang i førevegen for oss på dei sleipe vegane i Matagalpa. Kakaobønner På vegen fekk me opplæring i alle slags frukter og bær — for har du nokon gong tenkt på korleis ei pasjonsfrukt vert til? Dei veks nemleg anten på druerankar eller i eit intrikat nett av greiner og trådar, og dei har sesong heile året. Kakaobønna derimot så stor at den hadde passa perfekt i handa til ein vaksen mann, og dessutan er den fin og raud. Avokado veks på nokre høge tre som trivst godt imellom dei lågare banantrea og kaffibuskene. På ein liten farm har dei gjerne både banantre, avokado, pærer, kakaobønner, kaffibusker, mais, poteter eller yukka og andre grønsaker. Dei lagar ost frå den eine kyri dei har gåande bak utedoen, og so bestiller dei litt sukker og ris og klarar seg med det. Og hallelujah, so fine folk! I tillegg til ein lekker nicamiddag hjå verdas mest imøtekommande familie, fekk me læra å lage maistortillas frå botn av, og fekk sjå korleis kaffien blir til frå A til om lag D. For utruleg mykje av prosessen går føre seg etter at bønnene har forlete landet, og det er jo også grunnen til at bøndene sjølv sit igjen med utruleg lite. Nicaraguansk koneemne Eventyr nummer to gjekk til vulkanen Telica ein l aurdagsettermiddag. I superbilen til Rigo med Super-Flavio susa me avgarde på heisann-vegar gjennom skogen i ein og ein halv time. Dei er vel meir som litt br eiare stiar med djupe render der vatnet har greve seg veg. Me var rett og slett litt fillerista nå me kom fram. Turen opp var slettes ikkje lang, men sidan me stadig måtte stoppe opp og setje oss ned for å unngå skyene med svovel som kom rennande nedover. Nett denna dagen hadde vinden bestemt seg for å gå motsatt veg enn den vanlegvis gjer, noko som også la vulkankrateret i skodda dessverre. Super-Flavio aka the cow whisperer. I vente på mørkret når det er mørkt kan ein nemleg sjå ekte lava nede i krateret på Telica, kor rått er ikkje det?! Sondre — the cow whisperer heldt oss med underhaldning, men det vart i grunn litt vel spennande når kyrne fann ut at dei ville ha maten vår. Då la me i veg opp mot vulkanen igjen, der skodda fortsatt låg i tjukke lag over lavaen. Eit augneblink med klar stjernehimmel, og noko raudt som blinka hundre meter under oss. So fekk me jammen sett lavaen lell, og ein klapperslange med på kjøpet på veg ned. Alt Nicaragua kan by på, når skal ein finne tid til å oppleva alt? Det eg ikkje lærte var at dette gjeld fyrst og fremst for vår måte å leve på — det norske, og kanskje til og med vestlandske, verdsbiletet. Og så reiser eg litt, då. Eg tenkjer at det er spennande å sjå andre stadar og prate med folk som kjenner desse stadane. Eg reiser ut i verda for å verte vis, og for å kome vekk frå det kjente som legg band på meg. Alle nordmenn veit at det finst kulturar som ikkje har same synet på til dømes kvinner, og at det finst nokre av dei som har fleire gudar. Men tenkjer vi nokon gong på at vårt eige innebygde og tillærte syn ikkje nødvendigvis er den ultimate fasiten? Tenkjer vi på at nordmen berre er ein liten brøkdel av alle innbyggjarane i verda? Og dersom vi tenkjer på det, kor godt forstår vi det? Kor sterkt kjenner vi det i magen og ryggrada? Det var fyrst då eg gjekk i gatene i Mumbay at eg verkeleg kjende det i heile kroppen. Den tutande og kaotiske trafikken med stappfulle fortau av kvinner i sari, menn i dress og tiggarar langs dei moderne bygningane. Før det hadde eg vore i Chennai, som er mykje mindre vestleg inspirert. Det var i Chennai eg for fyrste gong måtte finne eit hol i trafikken og sprinte gjennom, for å kome over på andre sida av vegen. Det var i Chennai eg for fyrste gong såg ei heil familie på éin scooter og kyr valsande i trafikken. I Chennai var eg på besøk med to indiske familier og gjest i eit indisk bryllaup. Så kvifor gjekk dette faktumet opp for meg fyrst i Mumbay? Svaret er at i Mumbay klarte eg endeleg å prossesere det eg hadde møtt. Vi får jo stadig høyre at Noreg er få i forhold til verdsmålestokken, at vi er privilegerte. Men å verkeleg kjenne det slik, gjer eg sjeldan. I dei fulle og travle gatene i Mumbay fekk eg endeleg eit lite inntrykk av kor få vi er i Noreg, og at alle dei sju milliarda verdsbileta umogleg kan bruke det norske tankesettet som fasit. I latinamerikastudiene våre her i Nicaragua, er kjønnsroller eitt av tema. Vi lærer om machismokulturen, som mellom anna inneber eit barskt og seksuelt aktivt mannsideal og objektivisering av kvinner. Kvinna er til for mannen, så han kan behandle henne som han vil. I juni 2012 fekk Nicaragua ei lov, lov 779, som forbyr mishandling av kvinner. Veldig mange menn er imot denne lova, fordi dei meiner ho indirekte går til åtak på dei. Og vi lærer om marianismen, som refererer til Jomfru Maria og legg vekt på morsrolla som den viktigaste og reinaste rolla for ei kvinne. Ei kvinne skal ta vare på borna sine og gjere som mannen har lært henne. Violeta Chamorro — også kjent som Doña Violeta — var president i Nicaragua frå 1990 til 1996, som den fyrste og einaste kvinnelege presidenten i historia. Ho var verken feminist eller i utgongspunktet politikar. Det seiest at ho var ein håplaus politikar, men ho vann fram fordi ho kjente folket sitt. Under valkampen kledde ho seg i kvitt, fargen for reinheit og uskuld. Ho fronta seg sjølv som den audmjuke og underdanige kona til avdøde Pedro Joaquín Chamorro. Han var ein frittalande journalist under den nicaraguanske revolusjonen på 70- og 80-talet, og måtte bøte med livet. Og Doña Violeta fronta seg sjølv som ei oppofrande mor. På same måte som ho tente mannen sin då han var i live, skulle ho tene Nicaragua. På same måte som ho klarte å halde familien sin samla, skulle ho samle Nicaragua etter borgarkrigen. Som nordmann, og skandinavar generelt, kan ein undre seg over at ein slik symbolikk slår gjennom. Klarte ikkje veljarane å gjennomskue denne overflatiske retorikken, og i staden sjå på politikken bak? Er mange av nicaraguanarane enno hjernevaska? Hjernevaska til å tru at det er greitt å slå kona si? Hjernevaska til å tru at jenter med shorts som stoppar midt på låret er fritt vilt? Hjernevaska til å godta at kvinna har éin plass i heimen og samfunnet, og mannen ein annan? Dette var undringane mine medan eg med lette titta på min eigen kultur, for i Skandinavia er eg ei fri kvinne. Men kor frie er vi eigentleg? Vi synast det er innlysande at mannen skal vere helten på film. Mannen er den sterke og rolege, medan kvinna er stakkarsleg og redd. Vi går med bh-ar som pressar puppane til opp under haka. Vi trenar ikkje for å halde oss friske, eller vere i stand til å utføre fysisk krevjande arbeid eller aktivitetar. Nei, vi trenar for å ha ei akkurat passeleg stor rompe, for ikkje å snakke om flat mage, stramme armar og slanke bein. Vi barberer oss under armane, på leggane og nedantil. Vi passar på at alle bilete som vert lagt ut på facebook viser oss frå vår beste side. Vi kritiserer hyppig kvinnelege politikarar for overvekt — dei mannlege ølmagane vert sjeldan nemnde. Vi betalar ein kirurg for å operere kroppane våre om puppane er for små, nasen for skeiv eller leppene for smale. Det er lett å vere kritisk til andre sin kultur og syn på verda. Vanskelegare er det å sjå at sine eigne etablerte sanningar og verkelegheitsoppfatningar kanskje ikkje er så sanne likevel. Så slår sjølvkritikken med eitt ned, som lyn frå klar himmel, og eg oppfattar at min eigen kamp om sjølvaksept og —respekt er eit resultat av nettopp kjønnsroller og seksualisering i den til då så frie kulturen min. Kva slags fridom har norske kvinner, når utsjånaden er noko av det viktigaste i livet? Kva er fridom om det ikkje er å leve ut sitt fulle potensiale, eit potensiale som er uavhengig av ytre forventningar og normer? Det er ikkje rart feministar brenner bh-ar for å få merksemd, når dei har å gjere med sånne grønskollingar som oss. Hadde noken sendt eit skikkelig smask og ropt «hola bonita» etter meg på gata i Norge, hadde eg trudd dei var heilt tullerusk. I Nicaragua vart det min første vesle kulturkræsj. Som jente blir ein nemlig vurdert opp og ned av mannfolka ein ser på gata, om dei er ti år eller 55. Etter dei første vekene med ubehag lærte eg meg å begrava min vestlege trang til å slenge ein frekk og freidig kommentar tilbake. Etter nokre fleire veker byrja eg å skjønne at kanskje ikkje alle kommentarane eigentleg var kjipe og seksualiserte, men rett og slett «heisann, du er kvit». Dessutan kjem eg sikkert til å dette ned i verdas største sjølvtillittsdump når eg kjem heim att og ikkje får høyre kor vakker eg er ti gonger for dagen. Som Solveig har nemnt før, er nicatime eit begrep ein ikkje kjem unna når ein bur i dette landet. For eksempel når ein går på gata. Neste forelesning begynnar om sju og eit halvt minutt, og du endar sjølvsagt opp med å gå i helane på ein dameflokk som går i null komma tre kilometer i timen. Du ser ditt snitt til å snike deg forbi i mellom taxiane, men neste person endar opp bak er jo like treig! Rett og slett fordi alt og alle går i dette tempoet, det er du som er raringen som strenar avgarde. Tranqiila chela, slutt å stress, då. Henge i parken, henge på hjørnet, henge i gyngestolane sine, henge ved katedralen. Der snakkar dei med venner, men turistar, et fritert mat, og slappar av. Dei unge flørtar og kliner, borna leikar og spring, dei eldre ser på folk og pratar. I Noreg heiter det kvalitetstid, og ligg i den halvtimen mellom forelesning og timen på spenst. Det er nemlig regntid her i Nicaragua, noko som vil seie at det berre er rundt 27 grader og det kjem som oftast ei heftig tordenbyge kvar kveld. Og når den byga kjem, då set ein alt på pause. Har du ein avtale når det byrjar å regne, blir den avlyst eller utsatt. Ein går jo ikkje ut i regnet, hallo! Bortsett frå oss sære skandinaviske studentar, som traskar rundt med våre flipflops og regnjakkar og ikkje begymrar oss så hardt for at sveisen blir ødelagt. For me har slettes ikkje tid å vente ein halvtime til regnet er over. Herre min hatt, kor mykje eg har venta med romlande mage desse to månadane. Om så de er dei einaste gjestene i heile restauranten, kan det ta ein time før maten er klar. Og det sjølv om du berre ville ha spagetti bolognese fordi det er lett. Min favorittrestaurant har difor blitt gatebodene bak katedralen. Der kan ein kjøpe friterte risbollar, friterte bananer, friterte enchiladas, gallo pinto ris og bønner, så godt som nasjonalretten her og verdens deiligaste marinerte kjøtt og kylling. Du peikar, ho runde dama med forkle og smilehol slenger det to minuttar på grillen, smacksmack, du har mat i magen. Etter mykje heilt-ok restaurantmat er det faktisk skikkelig digg med litt ekte, kjapp nicamat. Tette blodårer kan eg begymre meg for når eg blir gammal. Du hugsar du kanskje la Rosa Negra, og du kan sjå for deg favoritt-uteplassen vår, la Olla Quemada på ein torsdag. Her er det hoftevrikking i verdensklasse, salsa og bachata, svette kroppar og småflaue backbackarar imellom dei lokale salsadansarane. Den medfødte rytmen nicaraguanarane har, kan denna gjengen med stive skandinavarar berre draume om. Og gutar, hoftevrikking er definitivt ikkje femi.. Denne lista med fenomen eg likar, irriterar meg over og lærer av fortset og fortset, men no har eg ikkje tid å legge på meir. Eksamenstida nærmar seg, og mine norske stress-nerver er aktivert. Oppdatering kjem, no må eg ut på stranda å roe meg ned. Ein må ta det tranquilo, det har eg lært av Nicaragua. Men foreldra og stammane deira nekta dei å vere saman. Dei bestemte seg for å røme, og til sist såg ikkje paret nokon annan måte å halde ihop på enn å saman gjere slutt på livet. Men då Ometepe, som indianarkvinna heitte, døydde, byrja brøsta hennar å vekse. Og dei stoppa ikkje å vekse før dei var på storleik med to vulkanar. Mannen smelta ikring henne, og saman danna dei øya som fekk namnet Isla Ometepe. Nettopp denne øya var Sigrid, Lene og eg og besøkte sist helg. Torsdag ettermiddag reiste vi som rikmenn, med drosje dei tre-fire timane til San Jorge. Der tok vi siste ferja over Lake Nicaragua til vulkanøya. Frå øvste dekk såg vi sola gå ned bak skyene og stjernene kome til syne. Frå mobilhøgtalarane i bakgrunnen ljoma stemma til Enrique. Vi høyrde hostellet før vi såg det. Der vart vi vel mottekne av engelsktalande backpackarar og bartendarar, med etterlengta potetstappe og kald øl. Dagslyset blottla ein hage med blomar og sommarfuglar i alle slags fargar, og ei øy dekt i grønt. Vi tok på oss treningsklea og la i veg oppover mot eit fossefall. Og for ei fryd det var å gå i oppoverbakke att! Vi gjekk gjennom skog, hoppa frå stein til stein over elvar og heldt utkik etter apekattar. Med eitt var vi framme ved fossen. Vatnet buldra og kald vind fekk sveitte kroppar til å hutre. Men vi fatta mot og stiltra oss ut i det kalde vatnet. For oss andre var det heller eksotisk. Spansken fekk vi god nytte av på kvelden, med mange runder på eit noko skrått biljardbord. Og medan eg var opptatt med å vinne og lære å hovere på spansk, diskuterte Sigrid og Lene nicaraguansk politikk, og avtalte ridetur saman med ein lokal kar morgonen etter. Morgonen kom, og ei stund etter avtalt tid titta mannen innom. Han lovde å vere tilbake om 15 minutt med ein hest kvar. Etter over ein time med kortspel og venting, ga vi blonken i både mannen og hestane. På leigde syklar trødde vi langs vegen til Ojo de Agua, og brukte dagen der. Vi las, vi sov, vi symde, vi heldt på å svelte ihjel, vi åt. Og så sykla vi tilbake og såg solnedgongen frå utsiktstårnet på hostellet. Returen til León hadde litt mindre klasse over seg enn den fyrste reisa. Men det gjekk slag i slag, og vi tapte ikkje mange minutt på venting. Bussen til Managua var overfylt, og minst fem damer steig på og av, og selde snacks og drikke, på kvart stopp. Den dyraste transporten var ti minutt med taxi mellom to buss-stopp i Managua. Sjåføren tok tre dollar per person. Ein kan ikkje kome på å prute på alt… Etter sju timar på reisefot byrja vi å kjenne oss att, og idet vi gjekk ut av siste drosjen, og traska mot hostellet vårt, det gule bygget med den raude døra, kjende eg meg heime. Concepción — den største av dei to vulkanane. To slitne jenter på veg heim. Rundt 10-15 små jenter og gutar står med skulesekkane sine på ryggen — leksetida er ferdig for i dag. Omgitt av litt avskala veggmåleri i spreke fargar lyser dei av breide smil. Det tek om lag eitt og eit halvt sekund før den første vesle jenta tek springfart og kastar armane kring halsen på meg. Det tek om lag to sekund før eg har klump i halsen og tårer i augo. Nicaragua er eit av dei fattigaste landa på den vestlege halvkula. Her lever om lag femti prosent av menneska i fattigdom og om lag 17 prosent lever i ekstrem fattigdom. Mange av dei som blir hardast ramma er born. Prosjektet Barilete er eit av fleire frivillige initiativ i Leòn som rettar seg mot borna som manglar ein stabil og trygg heim. I bydelen Sutiaba i Leòn byrja prosjektet med ei tøff dame ved namn Maria i 2004. Etterkvart byrja borna å følgje etter der eg gjekk. Etterkvart hjalp eg dei med å skrive seg inn i skulen. I dag får om lag 120 born i alderen 0-18 med alt frå leksehjelp, barnehage, mat og ein trygg leikeplass. For dei aller mest uheldige er Barilete også blitt ein permanent heim, seier Maria om det frivillige prosjektet. I tillegg har åtte ungdommar som har vakse opp på Barilete gått saman og starta ei gruppe for å avlaste dei frivillige som jobbar her. For dei er Barilete framleis heime. Ti minutt — fullstendig tillitt. Alejandra, med den velse bestemte nasen, prøver å lære Lene å danse. Britany hoppar opp på ryggen min med eit krigshyl, og me snurrar rundt og rundt til hylet går over i klingane latter og dei brune krøllene hennar dansar. Me er allereie gjennomsvette og skitne etter å ha hoppa og rulla rundt på betonggolvet. Likevel har kroppen aldri kjentes så lett. Kanskje er det samvitet som har letta? Eller kanskje er det berre oppdaginga av at desse småtrolla ber so mykje glede og livsgnist, og at me, berre ved å gi dei ein time av vår merksemd kvar onsdags ettermiddag, kanskje har gitt denne gnisten eit ekstra lite pust. Kulturstudier har sidan 2007 engasjert seg i dette prosjektet. I tillegg til å ha bidrege til at Barilete fekk sitt eige hus, hjelper dei i dag til med ekstra leige av lokale og litt ekstra påskjønnelse til dei tre frivillige lærarane. Samtidig kan studentane frå kulturstudier besøke borna jamnleg for å hjelpe til med lekser, eller berre som ekstra leikekameratar. Maria fortel at borna på Barilete treng hjelp av ulike grunnar. Andre har foreldre som er prostituerte eller dopavhengige, og nokre har ingen familie i det heile, fortel leiaren av prosjektet. Sjølv har ho også mann og born, men på grunn av at 18 små bur permanent på Barilete, har heller ikkje ho sove heime på eitt år. Taxien rullar gjennom holete gater. Gjennom vindauget glir byen forbi, frå bølgjeblikkveggar og gjørmete grøfter i Sutiava, til vinkelrette gater og katedralen i sentrum. Det er kolonitida sin arkitektur, framleis so tydeleg til stades både i bybildet og dei sosiale nivåa. Eit minne frå timane på Barilete glimtar i hovudet mitt: Nokon nappar forsiktig i buksebeinet. Eit lite, tårevått ansikt kikkar opp på meg, og mot ansiktet mitt strekk ho ei opa hand. I handflata ligg ei mjelketann, so lita at den forsvinn i støvet om ho mistar den ned. Eg tørkar tårer og snørr og trøystar så godt eg kan på haltande spansk, og etter ei lita stund skimtar eg eit lite smilehol i dei runde kjakane. Faren avverga for denne gong. Ein liten tanke stikk meg i magen. Finst det nokon som tørker tårene hennar når ho går heim for kvelden? Følg med — me held deg oppdatert! To hjerteknusarar som møtte oss i døra. Ein veldig, veldig god klem. Etterkvart var det ikkje berre borna som måtte rulle på golvet.. Eirik er favoritten, for han er mykje flinkare enn jentene i fotball. Det er heller ikkje so nøye at ballen er punktert, når Eirik og Lene vil vere med å spele! Posted in Leik, bading, volleyball, fotball, kortspel, sjonglering, teikning og ikkje minst piñata har vore dagens aktivitetar. Omkring 70 born og foreldre frå León tok bussen til stranda, for å tilbringe dagen saman med oss. Eg veit ikkje kor gammal denne tradisjonen er, men han starta i alle fall då det viste seg at mange av borna aldri hadde sett sjøen, sjølv om dei berre bur ein halvtimes biltur ifrå. Pedro undersjefen på hostellet vårt er frisk som ein fisk, og bestevenn med Malene. Kreften er miskunnlaus og råkar mange. I fattige Nicaragua er det ekstra tøft å kjempe mot sjukdommen, då helsetenesta og staten har langt frå det same tilbodet som vi har i Noreg. Mange familier har ikkje eingong pengar til å reise til sjukehus med nødvendig ekspertise. Så organisasjonen sponsar til dømes tur til Managua, slik at borna kan få medisinsk hjelp. Men sjølv om mange av borna har ein tøff kamp bak seg, og nokre også er midt i han, var det ikkje mogleg å spore sjukdom i gleda og energinivået. Eg må også seie meg imponert over køkulturen under lunsjen. Makan har eg ikkje sett hos ungar. Sigrid og kompisen går trapper. Mim og Yessenia utveksla teikningar. Til og med ein svenske fekk prøve seg! Sigrid og eg vart att eit par timar for å gjere lekser i kveldssola, klimpre på gitaren og ta dagens andre cowboystrekk i hengekøyene. Det har med andre ord vore ein veldig fin søndag.